fbpx

Opplev Havlandet med fuglefjellet Runde, kyst og fiskerihistorier. Reiseguiden er app på mobilen.

Havlandet-Fosnavaag-Hilde-Graaberg-Bakke-Merethe-Hjerto-Flusund-reiseguide-turistguide-lydguide-app-VoiceofNorway
Havlandet Fosnavaag Hilde Graaberg Bakke Merethe Hjerto Flusund reiseguide turistguide lydguide app VoiceofNorway

Synleggjer skattane for turistane

-I år får vi Zipline frå Tverrfjellet, bybru over sundet og ikkje minst har vi no lansert guiding med mobil via appen til Voice of Norway. Med seg har ho eit stolt bygdesamfunn som med glede deler sine skattar med turistar, fortsetter Bakke. Den nye reiselivsutviklaren i Fosnavåg og Herøy satsar høgt. Etter 12 år som reiselivssjef i Rauma og “mor til” Romsdalseggen er ho no i gong med å tilretteleggje for meir turisme i Fosnavåg.

Det har vore eit eventyr å jobbe med appen Voice of Norway

-Arbeidet med å synleggjere attraksjonar i appen har vore med på å byggje identitet i lokalsamfunnet. Det var mykje vi ikkje visste om stadane sjølv, seier Merethe Hjertø Flusund, næringslivssjef i Havlandet AS. Ho er fødd og oppvaksen i Herøy og gler seg no over reiselivssatsinga i kommunen.

Med app på mobil får du lære meir på tur

Visste du at: Lundefuglen kan bli opp til 40 år gamle og at dei held seg til same partner heile livet? At dei kjem tilbake til det same reiret kvar gong og at dei kun legg eit egg?

At dei er flinke til å symje og kan dykke opp til ei djupn på 60 m og halde pusten i eitt minutt? Eller at dei kan flyge opp til 90 km i timen?

Havlandet tilbyr turistar 50 punkt med opplevelsar - og meir kjem

-No guider appen våre besøkande både når dei reiser til havs, er på fjellet, på biltur eller på vandring i sentrum. Appen startar automatisk i nærleiken av attraksjonen og fortel deg historia om staden med den behagelege forteljarstemma til journalisten Jon Henriksen. Appen er tilgjengeleg heile tida og gir deg mykje spanande kunnskap om området som du ellers ikkje hadde fått vite, forklarer Bakke. No tilbyr vi norsk språk, men både engelsk og tysk vil bli tilgjengeleg. Nye punkt dukkar opp i appen så snart dei er tilgjengelige.

Vestlandsnytt-Havlandet-Fosnavaag-reisegude-reiseapp-lydguide-app-mobilguide_Voice-Of-Norway

Avisa Vestlandsnytt den 16. juni 2020

Slik ser appen ut

Historiene er skrivne av lokale historiekjennarar som kjenner skrivekunsten. Vi legg sjølve inn bilder og tekst i appen, men innlesinga er gjort av profesjonelle aktørar gjennom Voice of Norway. Løsninga er enkel å forholde seg til og vi justerer enkelt radius på punkt og legg inn flere bilder.

Voice-Of-Norway-kart-audiovisuell-reiseguide-turistguide-app
Voice-Of-Norway-havlandet-audiovisuell-reiseguide turistguide-fosnavågapp
Voice-Of-Norway-lundefugl-audiovisuell-reiseguide-turistguide-app
Voice-Of-Norway-Anna-med-barnet-Heroy-kirkegard-audiovisuell-reiseguide-turistguide-app

Vel ruter ut frå interesser og emne

-Vi har lagt opp fleire ruter ut fra kva slags tur du ønskjer å ta. Kjem du sjøvegen fins det spanande historier om både fisk og Rundeskatten. Du kan også velje ruter som fortel om turen frå “Fosnavåg til fugleøya Runde” eller “Kystkultur og historier fra Havlandet”. Fleire ruter blir til etter kvart, seier ho.

Rundeskatten - utdrag fra appen

Med dramatisk forteljerstemme kan vi høyre:

Stormen brøler og riv i segla. Kaptein Nicolaas de Roy greier ikkje å berge den nederlandske skuta. Ho vert slengt i fjellveggen i Goksøyra natta mellom 7. og 8. mars 1725. Alle om bord drukna. Mannskap, offiserar – konene deira. Ned i djupet forsvinn også nærare to tonn gull og sølv fordelt på nitten kister….

75 kilo myntar, det vil sei 57.000 myntar og utstyr fra skip er funne og frakta på land og kanskje finnes det fleire skattar der. Videre høyrer vi:

…Om du ikkje finn denne skatten, så er det likevel ein rikdom å få dykke i dette området med glasklart vatn og ein eventyrleg tareskog.

Runde-Havlandet-Fosnavaag-reisegude-reiseapp-lydguide-app-mobilguide-Voice-Of-Norway-Foto-Gard-Warholm

Foto: Gard Warholm

Runde Havlandet Fosnavaag reisegude reiseapp lydguide app mobilguide Voice Of Norway Foto Gard Warholm

Foto: Mariann Skorpen Berge

Næringslivet deltek

-Omlag 100 næringslivsaktørar har fått tilbodet om å bli partnarar i denne satsinga. Alle skal få fortelje historia si. Fiskerihovedstaden før i tida var Fosnavåg. Vi driv fortsatt stort med fiskeri og har ein plan for framtida. I appen kan du laste ned ei rute som heiter “Industri og næringsbygg”, og lære meir om næringslivet her, forteller Hilde, som er tydelig stolt over engasjementet og lagånda som ho har blitt møtt med her ute i havgapet.

Guideruter på tvers av kommuner og fylker

-Heile Søre Sunnmøre er eit spanande område å reise på tur i. Sidan fleire aktørar brukar appen gir det oss høve til å lage ruter på tvers av kommuner og i samarbeid med andre. Slik blir opplevinga av å feriere her i fylket mykje betre for turistane, avslutter Hilde Gråberg Bakke, som allereie har fått “WOW” frå turistar som har prøvd appen. Nå gler ho seg til at fleire lastar ned appen og kjem på besøk til Havlandet.

Runde Miljøsenter - utdrag frå appen

… Ein prosent av all fisk som vert fiska i verda er fødd utanfor Runde, og silderogna som ligg utover havbotnen her har ei vekt på to til tre gongar heile Noregs befolkning. …

Velkommen til Havlandet!

Kontakt oss
Runde-utsikt-fuglefjell-Havlandet-Fosnavaag-reisegude-reiseapp-lydguide-app-mobilguide-Voice-Of-Norway-Fotograf-Kristoffer-Ytterland
Solnedgang-Runde-utsikt-fuglefjell-Havlandet-Fosnavaag-reisegude-reiseapp-lydguide-app-mobilguide-Voice-Of-Norway-Foto-Kristoffer-Ytterland

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Vestlandsnytt-Havlandet-Fosnavaag-reisegude-reiseapp-lydguide-app-mobilguide_Voice-Of-Norway

Avisa Vestlandsnytt den 16. juni 2020

Ta kontakt med oss for å få vite mer om hvordan du kan legge til rette for denne typen formidling i din region eller område!

Team Voice Of Norway
Telefon: 94096772

Del gjerne innlegget

Denne nettsiden bruker cookies. Ved å fortsette å bruke denne nettsiden samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler.